Intervju med Solrunn Nes
Av sr Anne Bente Hadland
Solrunn Nes, ikonmalar og kunsthistorikar, er aktuell som årets foredragshaldar til Olsok i Trondheim, og ikkje berre det, ho har også fått i oppdrag å stå for utsmykkinga av det vesle katolske Olavskapellet på Stiklestad.

Det vart innvigd i 1930 til 900-årsjubileet for Den heilage Olavs død, og no vert det restaurert og gjort i stand til det store jubileet i 2030. Men det vert teke i bruk att alt i år til Olsok, og får biskop Erik det som han ynskjer, blir det messe der kvar veke frå hausten av.
Solrunn Nes (66) er ein anerkjend ikonkunstnar som etter mange år i Bergen, har vendt tilbake til barndommens rike i Hardanger. Der bur ho med utsikt til farsgarden saman med mannen, teolog og forfattar Addison Hodges Hart, «ein sprenglærd type», seier ho – det er berre å trykkja på han, så får du ei utgreiing. I tillegg rommar husstanden to New Foundlandshundar på 50 og 60 kg, den yngste enno ikkje helt utvaksen – og ni kattar.
Ho trur det er ni, men dei er vanskelege å telja for dei flyttar på seg heile tida. Det er litt for mange katter, vedgår ho, og spør om ikkje Kat(t)arinahjemmet kunne være ein god stad for nokre av dei. Men dei spring vel fritt ute? Men, nei, dei er for det meste inne. Ho har mist sju i trafikken. Kattane gjev noko mjukt til livet, seier ho, dei er selskapssjuke og vennlegsinna.
I Bergen stod ho for utsmykkinga av St. Paul kyrkje. I Oslo har ho malt Den heilage Josef i St. Josefs kyrkje. Og ho har gradvis fått flere oppdrag, også i Den norske kyrkja.
Solrunn flytta attende til Nes i Hardanger då foreldra vart gamle og skrøpelege, og tok seg av dei like til dei døydde. Mora levde lengst, til ho vart 97 år, for Solrunn eit smerteleg tap . Mor var «mitt menneske», seier ho – og sjølv om det er fleire år sidan ho døydde, saknar ho henne kvar dag.
I løpet av dei siste 21 åra har eg mist 21 gamle slektningar – alle dei gravferdene! Eg har òg mist ei svigerinne. Ein blir jo minna på sin eigen død, og at no er det vi som lever som skal bæra tyngda av familiens arv og kultur. Vi er tre sysken, den eldste har teke over garden, den yngste er ingeniør, og så er det eg, då. Herifrå kor eg bur, ser eg ned på tunet på heimen min kvar dag, heimen som ikkje er min lenger. Sånn må det bli. Det blir eksistensielt i forhold til det åndelege livet – kva er viktig, kva er ikkje så viktig – ein må velja kva fokus ein vil ha. Det er mykje som distraherer.
Eit steinkast unna farsgarden bur og arbeider dei no, Solrunn og mannen hennar, med utsikt til fjord og fjell. Solrunn kombinerer akademisk skriving og ikonmaling.
Kva skriv du om?
Eg skriv om kristen ikonografi, om mellomalderkyrkjer på vestlandet og litt om dyra mine. Ho publiserer på Substack, det gjer mannen hennar òg (The Pragmatic Mystic).
Eg har hatt fleire oppdrag for lutherske kyrkjer også. Det er noko nytt. Då eg byrja med ikonmaling på 80-talet, var Maria ein ikkje-person eller nærmast eit trugsmål i det lutherske miljøet. Det er mykje som har skjedd i åra som har gått. Då formannen i soknerådet her eg bur bad meg om eit Maria-ikon og eit Kristus Pantokrator-ikon, spurde eg om dei verkeleg ville det, og eg fekk høyra at ikkje berre formannen, men heile rådet sto bak!
No ynskjer dei det kvinnelege elementet velkomen.
Trur du det er enklare at det er ikonar frå ortodoks tradisjon, som ikkje så lett kan blandast med katolsk Maria-vyrdnad?
Eg trur ikkje det, mange veit ikkje skilnaden. Men det er viktig å kome dei i møte. No har dei fått desse lysglobane mange stader, og seier at dei vil ha noko konkret når dei ber, til dømes å tenna eit lys for ein avdød eller be for ein intensjon. Det seier noko om djupe menneskeleg behov. Det er også økumenisk interessant at det er blitt meir rom for folkelege uttrykk. Katolikkar og ortodokse forheld seg til dette, og slik vert det ei bru mellom kyrkjene på eit enkelt og grunnleggjande plan. Økumenikkens veg er bøna sin veg, vil eg seia.
Det er viktig dette, no som det skjer så mykje negativt. Dekkinga av pave Frans sin død og valet av pave Leo var jo omfattande og ganske positiv, men no har desse hendingane brått blitt ei plattform for kritikk av Den katolske kyrkja. Det ser ein i avisene Dagen og Vårt land – brått strøymer det ut gamle anti-katolske fordommar. Har du ein meir tradisjonell leiar, så blir det eit problem, ser det ut som. Ikkje alle lutheranarar hugsar leveregelen som Luther formulerte, nemleg å ta alt opp i beste meining.
Å engasjera seg i slike ordskifte, er slitsamt – og farleg – for det åndelege livet. Eg håpar eg kan bidra på mitt vis, på det åndelege og estetiske planet.
Fortel om oppdraget på Stiklestad!
Det er eit stort prosjekt – tre store ikonmotiv – eit på kvar side på veggen inn mot koret, Maria med barnet til venstre og Johannes Døyparen til høgre. Over alteret eit rundt Kristus Pantokrator-ikon og i kvelvingen ein himmel med stjerner – dei skal vera i kvittt og bladgull. Det må eg gjera på staden, ikonane førebur eg her. Over døra i kapellet er det eit glasmaleri av Olav den heilage, ikonane har fått mål etter dette. Det runde ikonet er 163 cm i diameter. Normalt ligg ikonet flatt når eg arbeider med det, en her når eg ikkje inn til midten. Yngste bror min, som er ingeniør og ein praktisk kar, har hjelpt til med ei innretning slik at det ikonet eg arbeider med kan skifta stilling mellom liggjande og ståande. Han vil òg hjelpa til med å frakta ikonane til Stikleslad, noko som gjorde meg fleire kilo lettare.
Kristus og kvelvingen blir klart til Olsok i år, kanskje Maria-ikonet også – viss eg ikkje tullar med noko anna.
Men heilt sikkert før 2030?
Å, ja! Truleg alt i år. Det er ei glede å vera med på å fornya dette kapellet som var slitt og kanskje ikkje så attraktivt. Eg skal gjera mitt ytste for at det blir eit verdig og vakkert kapell.
Solrunn er katolikk og med bustad i Hardanger har ho 1,5 timars veg til kyrkja. Dit dreg ho kvar søndag, mannen òg, men han er ortodoks kristen og har sin kyrkjelyd i Laksevåg, ho sin i St. Paul. «Men når eg kjem dit og sit ned, då veit eg at her høyrer eg til. Eg er takksam for det.»
«Olsokforedraget vert nokre refleksjonar over kva ein helgen er, djupast sett , korleis vi kan forstå denne dimensjonen ved heilag Olav, kristninga av Noreg og dei eksistensielle sidene ved kristninga. Og Olav i ikonografien, sjølvsagt – eg kjem nok til å bruka både bilete og ord!»
Vi gler oss!
Kilde: ewtn.no